
Innleiande heat – Rokonkurranse, Kulturveko på Os 16 lag. 2 båtar om gongen. Éin draum om å ro seg til topps. Kulturveko sparkar i gang rokonkurransen, og det er plass til alt her – stjernelaget som har trena i løynd sidan januar, gjengen som bestemte seg for å vere med i går, og dei som brukte meir tid på kostymet enn på å finne ut kva ei åre er. Frå Brua til Peppes skal det ròast, og nokon kjem garantert til å bli våte undervegs. Vi kårar beste kostyme, verste kostyme, og heiar fram dei som faktisk veit kva dei driv med – og dei som ikkje har peiling, men gjer det med stil! Kom og ver med på folkefesten langs vatnet. Det kostar ingenting å sjå på, men det kostar mykje å gå glipp av! Frå Brua til Peppes, Os Torsdag 26. juni, kl. 12:00–15:00 – Kulturveko