
19. — 27. juni 2026 · Os, Vestland
Ein veke med kultur, musikk og opplevingar i hjartet av Os
Eit utval av det som skjer under festivalen

fredag 19. juni
22:00 — 03:00
Kulturveko sparkar i gang – og kva betre måte å innleie det heile på enn med Breizaas live på Catten? Fredagen den 19. juni set Breizaas tonen for ei heil veke med musikk og opplevingar. Med eit energisk og engasjerande show lovar dette å bli ein natt å hugsa – perfekt stemning for ei kulturveke som berre er i startgropa. Velkomen til den beste opningskvelden i Os! 🎤 Breizaas – live 📍 Catten, Os 📅 Fredag 19. juni 🚪 Dørene opnar kl. 22:00 🔞 20-årsgrense 🎟 Inngangspris: kr 150,-

laurdag 20. juni
11:00
Parade gjennom Os for deltakarar i rokonkurranse med Oselvarar i Havnen.

laurdag 20. juni
12:00 — 15:00
Innleiande heat – Rokonkurranse, Kulturveko på Os 16 lag. 2 båtar om gongen. Éin draum om å ro seg til topps. Kulturveko sparkar i gang rokonkurransen, og det er plass til alt her – stjernelaget som har trena i løynd sidan januar, gjengen som bestemte seg for å vere med i går, og dei som brukte meir tid på kostymet enn på å finne ut kva ei åre er. Frå Brua til Peppes skal det ròast, og nokon kjem garantert til å bli våte undervegs. Vi kårar beste kostyme, verste kostyme, og heiar fram dei som faktisk veit kva dei driv med – og dei som ikkje har peiling, men gjer det med stil! Kom og ver med på folkefesten langs vatnet. Det kostar ingenting å sjå på, men det kostar mykje å gå glipp av! Frå Brua til Peppes, Os Torsdag 26. juni, kl. 12:00–15:00 – Kulturveko

laurdag 20. juni
16:00 — 17:30
Sommerkonsert med rekebord ombord på M/S Midthordland Laurdag 20. juni – avgang frå Osøyro kl. 16:00 Bli med på ein av sommarens mest stemningsfulle opplevingar på Bjørnefjorden! Under Kulturveko inviterer me til ein uforgløymeleg ettermiddag ombord på «Bjørnefjordens dronning», M/S Midthordland. Medan båten glid stille over fjorden, nyt du eit generøst rekebord – og varme, levande blues som set den rette sommarstemningen. Saltluft, god mat og livemusikk ute på fjorden – dette er ein sommarettermiddag utanom det vanlege. 🎸 Live bluesmusikk 🦐 Rekebord inkludert ⛴ Ombord på M/S Midthordland 📍 Avgang frå Osøyro kl. 16:00 Billettpris: kr 695,- Billettar kjøper du på Billetto
laurdag 20. juni
18:00 — 01:00
Coverheads (19:00), Bighorn Butterboys (20:00), Verdiløse Menn (21:00), Camp David (22:00), Breizaas (23:00), Breizaas The Band (00:00).

laurdag 20. juni
23:59 — 03:30
Etter sommerkonserten i Vognhallen inviteres publikum videre til nachspiel med Lien & Myhre. Her blir det uformell stemning, god musikk og en sosial avslutning på kvelden under Kulturveko. 📅 20. juni 📍 Catten 🎟️ CC: 100,- 🔞 20 år
Møt artistane som gjer Kulturveko til ei oppleving
Takk til våre samarbeidspartnarar