Festivalen
Alle hendingar under Kulturveko i Os
Kulturveko sparkar i gang – og kva betre måte å innleie det heile på enn med Breizaas live på Catten? Fredagen den 19. juni set Breizaas tonen for ei heil veke med musikk og opplevingar. Med eit energisk og engasjerande show lovar dette å bli ein natt å hugsa – perfekt stemning for ei kulturveke som berre er i startgropa. Velkomen til den beste opningskvelden i Os! 🎤 Breizaas – live 📍 Catten, Os 📅 Fredag 19. juni 🚪 Dørene opnar kl. 22:00 🔞 20-årsgrense 🎟 Inngangspris: kr 150,-
Parade gjennom Os for deltakarar i rokonkurranse med Oselvarar i Havnen.
Innleiande heat – Rokonkurranse, Kulturveko på Os 16 lag. 2 båtar om gongen. Éin draum om å ro seg til topps. Kulturveko sparkar i gang rokonkurransen, og det er plass til alt her – stjernelaget som har trena i løynd sidan januar, gjengen som bestemte seg for å vere med i går, og dei som brukte meir tid på kostymet enn på å finne ut kva ei åre er. Frå Brua til Peppes skal det ròast, og nokon kjem garantert til å bli våte undervegs. Vi kårar beste kostyme, verste kostyme, og heiar fram dei som faktisk veit kva dei driv med – og dei som ikkje har peiling, men gjer det med stil! Kom og ver med på folkefesten langs vatnet. Det kostar ingenting å sjå på, men det kostar mykje å gå glipp av! Frå Brua til Peppes, Os Torsdag 26. juni, kl. 12:00–15:00 – Kulturveko
Sommerkonsert med rekebord ombord på M/S Midthordland Laurdag 20. juni – avgang frå Osøyro kl. 16:00 Bli med på ein av sommarens mest stemningsfulle opplevingar på Bjørnefjorden! Under Kulturveko inviterer me til ein uforgløymeleg ettermiddag ombord på «Bjørnefjordens dronning», M/S Midthordland. Medan båten glid stille over fjorden, nyt du eit generøst rekebord – og varme, levande blues som set den rette sommarstemningen. Saltluft, god mat og livemusikk ute på fjorden – dette er ein sommarettermiddag utanom det vanlege. 🎸 Live bluesmusikk 🦐 Rekebord inkludert ⛴ Ombord på M/S Midthordland 📍 Avgang frå Osøyro kl. 16:00 Billettpris: kr 695,- Billettar kjøper du på Billetto
Coverheads (19:00), Bighorn Butterboys (20:00), Verdiløse Menn (21:00), Camp David (22:00), Breizaas (23:00), Breizaas The Band (00:00).
Etter sommerkonserten i Vognhallen inviteres publikum videre til nachspiel med Lien & Myhre. Her blir det uformell stemning, god musikk og en sosial avslutning på kvelden under Kulturveko. 📅 20. juni 📍 Catten 🎟️ CC: 100,- 🔞 20 år
Oldtimers Big Band feirar sommaren med sin tradisjonsrike sommarkonsert på Oseana-terrassen, og byr på fengande storbandmusikk. Under leiing av maestro Are Ovesen skal dei spela kjende instrumentallåter, og songarane Marita Moe Sandven og Fredrik Schmidt Fotland skal tolka låter av mellom andre Michael Bublé, Frank Sinatra, Joni Mitchell og Stevie Wonder. Oldtimerane er optimistar og ser for seg ein konsert ute i strålande sol, men har sjølvsagt ein plan B dersom vêret ikkje spelar på lag. Kom på konsert laurdag 21. juni klokka 16.00. Lytt til musikken. Dans hvis du vil. Du er uansett hjarteleg velkommen til sommerfesten!
Bli med på ein kveld med ord som rører, tankar som dveler og bilete som sit att. Bente Bratlund er Os si eiga forfattar, med over 70 bøker bak seg og eit forfattarskap som strekker seg over meir enn førti år. Ho skriv fordi ho må — og det kjenner ein når ho les. Dikta hennar handlar om det nære og det store, om glede og sorg, om augeblikk som set seg fast i kroppen og blir med ein vidare. Ord som har vore med ved livets viktigaste stunder — i bryllaup og gravferder, i glede og i sakn — for folk over heile landet. No inviterer ho deg til å sitja ned, pusta ut og la orda koma nær.
VM-opning på Catten – Kulturveko på Os Tirsdag 23. juni opnar dørene klokka 21:00 når Kulturveko og Os Fotball saman inviterer til ein stor VM-kveld på Catten! Denne kvelden er det ekstra grunn til å møte opp – for klokka 02.00 natt til tysdag er det Norges tur når Norge møter Senegal på MetLife Stadium i New Jersey. Vi ser det sjølvsagt saman på storskjerm! Medan vi ventar på avspark er det fullt program: Test VM-kunnskapane dine i quiz og gled deg til underhodning som held stemningen oppe gjennom heile kvelden. Kom tidleg, finn deg ein god plass og gjer deg klar for ei natt du seint vil gløyme! Dørene opnar kl. 21:00 Norge – Senegal på storskjerm kl. 02.00 Quiz Live musikk Catten, Os Måndag 23. juni – Kulturveko I samarbeid med Os Fotball
The Akustiske er et band som bringer musikk fra 60-tallet tilbake til live i akustisk drakt. Med fokus på gode låter og stemningsfull fremføring skaper de en unik konsertopplevelse der publikum inviteres til allsang. På Kulturveko på Os torsdag 25. juni opptrer bandet i Catten sine lokaler. I tillegg til klassikere fra 60-årene bidrar bandets egen låtskriver, Jan-Henrik Haugsøen, med originalt materiale. En perfekt kveld for alle som elsker levende musikk, akustiske klanger og god stemning!
Os fotball arangerer tidenes VM-fest i Vognhallen – Norge mot Frankrike fredag 26.juni! Det blir livemusikk med Leif&Olav, VM-quiz med flotte premier, nasjonalsangen og eit fyrverkeri av ein fotballkamp! Dette vil du ikkje gå glipp av!
Nachspiel med Lien & Myhre – Kulturveko på Os Vil du holde festen i gang? Etter en flott kveld på Kulturveko er det ingen bedre måte å avslutte natten på enn med Lien & Myhre på scenen! Duoen James Myhre og Henrik Lien leverer energiske tolkninger av kjente låter som får publikum til å lytte, danse og slippe seg løs. Med egenproduserte backing tracks og et moderne, drivende lydbilde skaper de liv og fyr i ethvert rom de entrer. Og når Myhre klatrer på barrikadene – da er vi virkelig i gang! Ta med deg venner, løsne på slipset og bli med på det som lover å bli kveldenes høydepunkt. Et nachspiel du sent vil glemme!
Kvarfinale, Semifinale og Finale – Rokonkurranse, Kulturveko på Os Latteren er over. No er det alvor. Laurdag 27. juni er dei beste laga frå heatet tilbake – og denne gongen er det ingen rom for feil. I kvarfinale og semifinale vert laga skilde ut to og to langs strekninga frå Brua til Peppes, til berre to lag står att. Så kjem finalen. To båtar. Éin vinnar. Ære for livet – i alle fall til neste år. Kom og ver vitne til når årets ro-kongen eller ro-dronninga på Os vert kåra! Frå Brua til Peppes, Os Laurdag 27. juni – Kulturveko
Har du eit kreativt talent du vil vise fram? I sommar arrangerer Unikultur og Bjørnafjorden kulturråd ein talentkonkurranse for ungdom 13–20 år! Del lidenskapen din med eit stort publikum, bli vurdert av ein jury av kjente bjørnafjordingar og vinn stipend! Les meir og meld deg på her: https://unikultur.notion.site/unge-talent-i-bjornafjorden
Denne sommeren skal endelig Vognhallen brukes til å levere pulserende rytmer og blåtoner igjen. Blueskonserter har tidligere vært et kjennemerke for Os bygden om sommeren i en årrekke. I år skal dette arrangementet se dagens lys igjen. Det står tre band på scenen lørdag 27. juni. Først ut er bergensbandet Cato Fenderbenders Bluesband som stiller med etablerte musikere og sørger for å få opp stemningen i Vognhallen. Blues Station er andre band ut og her har Dag Bergesen og Steinar Lyssand fått med seg et rutinert komp og det blir både Texas blues og rock’n roll fakter fra scenekanten. Blueskvelden avsluttes med det lokale og allsidige bandet Who’s that der Kristine Lygre Lien er frontfigur. Denne kvelden blir absolutt verdt å få med seg. Dørene åpnes kl.19 Konsertstart kl.20 Velkommen
Nachspiel med Coverheads – Catten, Kulturveko på Os Kulturveko er ikkje over før Coverheads har sett sitt preg på Catten! Coverheads er duoen Daniel Fregstad (vokal/gitar) og Thomas Lambach (gitar/vokal/bass) – to rutinerte musikarar frå Bergen/Os med lang fartstid frå bergensband som har turnert både inn- og utland. Dei veit akkurat korleis dei skal få eit rom til å eksplodere. Med eigenproduserte backingtracks og ein setliste som spenner frå bluegrass til metal, tek Coverheads deg gjennom eit musikalsk landskap du aldri visste du trong. Kjende låtar, stort driv – og to karar som ikkje held seg til scenen. Coverheads går gjerne rett ut blant publikum og spelar, og plutseleg står dei ved sida av deg. Det er den slags nachspiel dette er! Dette er kvelden der grensa mellom scene og dansegolv viskes ut. Bli med!