
Oldtimers Big Band feirar sommaren med sin tradisjonsrike sommarkonsert på Oseana-terrassen, og byr på fengande storbandmusikk. Under leiing av maestro Are Ovesen skal dei spela kjende instrumentallåter, og songarane Marita Moe Sandven og Fredrik Schmidt Fotland skal tolka låter av mellom andre Michael Bublé, Frank Sinatra, Joni Mitchell og Stevie Wonder. Oldtimerane er optimistar og ser for seg ein konsert ute i strålande sol, men har sjølvsagt ein plan B dersom vêret ikkje spelar på lag. Kom på konsert laurdag 21. juni klokka 16.00. Lytt til musikken. Dans hvis du vil. Du er uansett hjarteleg velkommen til sommerfesten!
